Digital vurdering

Dagens blogginnlegg er eit arbeidskrav i IKT for læring. Eg skal skrive om eit digitalt opplegg for vurdering, og korleis eg ser dette for meg. Denne bolken av IKT for læring legg vekt på å skilje mellom vurdering og evaluering. Eg heng meg på at dette er eit vikteg skilje, og eg vil i dette oppgåvesvaret sei noko om kvifor ein vurderar.

I barneskulen er det ikkje karakterar, men det er i stor grad det likevel. Elevane vert ofte målt på måloppnåing, og kjem i kategori ein, to eller tre. Uavhengig av kva me kallar desse kategoriane (raud, gul og grøn, meistrar litt, meistrar greitt og meistrar godt, surt fjes, mellomfjes og smilefjes) er det i prinsippet som karakter 1/2, 3/4 og 5/6, evt. F/E, D/C og B/A. Elevane skal også kategorisere seg sjølv. Grunngjevinga for å vurdere slik er at det skal føre til betre læring dersom eleven er klar over kor langt den er kome, og kva den må arbeide meir med. Det har i den seinare tid kome kritikk mot dette, då det ikkje ser ut til å ha fungert som tenkt, sjå mellom anna denne artikkelen frå Utdanningsdirektoratet.

Eg er inspirert av testane i IKT-faget eg tek no, for ein kan gå rett til testen om ein vil, og ein kan ta den så mange gonger ein vil – men det hjelper jo lite om ein ikkje veit svara. Difor må ein faktisk gå inn i fagstoffet att der det er naudsynt. Om ein berre skal ta ein test for å kontrollere at eleven har lese er det lite læring i testen uansett, men i desse IKT-testane er det faktisk mykje læring. Det einaste som kunne gjere læringa betre er fleire spørsmål, og fleire svaralternativ. Likevel, det er varierte arbeidskrav, og ganske mange av dei, slik at heilskapen er rik på variasjon og tankeprosessar. Eg vil difor legge opp dette svaret på arbeidskravet som ein digital quiz, slik eg sjølv også må ta i IKT for læring. Eg ser for meg 7. trinn, og temaet er politikk. Kompetansemåla er frå samfunnsfag, men det er ei stor oppgåve for alle faga å implementere demokratisk danning i kvardagen også. Når ein er klar over at oppgåvene er del av eit arbeid, og ikkje ei summativ vurdering, vil dette også påverke analyseringa av resultatet. Årsaka til at eg her ikkje vel ei summativ vurdering er at det ikkje er behov for det, og eg ser ei større nytte i at vurderinga skjer som eit ledd i å vidareutvikle kompetansen om temaet. Eg vil også leggje inn rom for å skrive meir på ein del av spørsmåla, for å variere testen, gjere det mogeleg å vise ei djupare forståing av lærestoffet og kunne kome med kommentarar der det er ønskeleg.

  • Kompetansemål frå Kunnskapsløftet:
    • gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg og deira hovudoppgåver og diskutere skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati
    • gjere greie for kva eit politisk parti er, og diskutere nokre sentrale motsetnader mellom dei politiske partia i Noreg
  • Forventningar til utbytte:
    • For å kunne sei noko om vurderinga av eleven, må eg også sei kva den vurderast ut i frå. Difor har eg lista opp ulike forventninga utbytte av undervisninga:
      • Forklare ordet demokrati
      • Finne ut korleis det er utan demokrati
      • Forklare kva eit politisk parti gjer
      • Kan namn på fleire norske politiske parti
      • Forklare kvifor det er ulike politiske parti
      • Sei noko om kva du sjølv tenkjer er viktege politiske saker
      • Kunne sjå andre sine politiske standpunkt med respekt
      • Forklare kva regjering er
      • Forklare kva storting er
      • Forklare kva oppgåva til domstolane er
      • Sei noko om kongen si rolle i det norske monarkiet sett opp mot kva ein tenkjer ein konge skal vere
  • Undervisningsformer (tilgjengelege, men ikkje alle må vere med):
    • Introdusksjon i form av omvendt undervisning, med ei skrive- eller videooppgåve til
    • Videointervju med politikarar eller andre som kan auke vår forståing av norsk politikk, som skal redigerast og presanterast
    • Dramaaktivitet rundt korleis storting, domstol og regjering balanserar kvarandre
    • Vurderinga er ein del av undervisninga, og vil kome omlag i midten av perioden
    • Tildelte politiske standpunk som ein skal argumentere for, for å lettare kunne få fram dei meir upopulære meiningane og få betre forståelse for kvarandre
    • Høgtlesing av litteratur som kan gje innblikk i t.d. korleis det er å arbeide politisk, korleis det er å bu i eit land utan demokrati, korleis ein kan delta i politikk eller noko som kan vekkje engasjement for ei bestemt politisk sak
  • Digital quiz:
    • Eg tenkjer i utgangspunktet at eg ikkje kan lage ein quiz no. Når elevar kjem i gong med samfunnsfagarbeidet utviklar det seg ofte i ei retning eg ikkje hadde sett kome… Det er veldig bra, og eg vil absolutt ta vare på eit slikt engasjement. Mi oppgåve vert då å setje det inn i rett samanheng, slik at dei ser sitt eige engasjement i rammene av faget. Om ein lagar ein quiz rett før den skal utførast er det lettare å få til denne samankoplinga.
    • Når ressursar skal delast opent (ei interessant økt om opne ressursar finn du gratis i kurset IKT for læring) er det ofte slik at ein vil generalisere for å gjere det nyttig for flest mogeleg. Slik sett kunne ein quiz vore laga med generelle spørsmål, og med høve for å redigere sjølv.
    • Pga personvern og ulike reglar for nettbruk osb. er eg usikker på val av platform. Eventuelt kan det vere at ein kan tildele eleven eit nummer i staden for eit namn på sin quiz, for å sikre at ikkje informasjon kan koplast til eleven av eksterne aktørar. Men for å vere på den sikre sida ville eg halde meg innanfor læringsplatforma til skulen.
    • Når eg ser resultatet av quizen vil eg kunne nytte dette for å endre kurs i undervisinga dersom eg ser at noko manglar e.l., og det er difor greit å ikkje ha den på slutten av arbeidsperioden
    • Det er mogeleg å jukse på ein slik quiz, dersom ein svarar likt som ein annan utan å gjere noko anna for å sjekke opp i det.
    • Om quizen ikkje gjennomførast i ein time, men som heimelekste e.l. er det vanskeleg å sjå kva som eigentleg har skjedd. Eg vil difor utføre quizen i skuletida.
    • I etterkant av arbeidet er det greit å ha eleven sitt resultat med i den meir heilskapelege halvtårsvurderinga.
    • Eg veit det seinare i kurset kjem ein modul om korleis lage gode digitale testar, som tek høgde for like mykje det pedagogiske som det tekniske. Det skriv eg ikkje om i denne omgang, men eg har vore innom modulen og kikka, og kan (nesten) love at eg skal skrive meir om dette seinare.

Når eg så skal evaluere i ettertid er det ofte greit å gjere det med ei god gammaldags skrivebok og ein blyant med viskelær på, for i den prosessen treng eg tid til å tenke nøye, og samle tankar i sin konsentrerte form. Det er likevel veldig greit å kunne samle data frå eit spørjeskjema i grafar og tabellar, som slike verktøy ofte lett kan få til (ikkje skrivebok og papir, altså, men verktøy til spørjeundersøkingar). Ein vil då sjå kva for undervisning som har fungert bra, og kva som har fungert dårleg.

Det som er fantastisk med dette arbeidskravet er at andre i same situasjon som meg skal gje meg tilbakemelding på dette blogginnlegget. Det betyr at dei aspekta eg ikkje har tatt høgde for, men som andre ser at kan kome til å vere utfordringar, kan rettast opp i – FØR elevane skal utsetjast for undervisninga mi 🙂

Ei lita påminning (som eg har sjølv har fått sjå gjennom IKT for læring) frå Ken Robinson: Menneskelege ressursar er som naturressursar – dei er ofte djupe. Du må leite for å finne dei, dei ligg ikkje der ute og sleng. Han meiner det er mange menneske som aldri oppdagar sine ressursar, men at dei er der, og det kan leitast opp om ein går inn for det. Du kan sjå det på denne TED-talken. Inspirasjon og god formidling frå den godaste Ken Robinson der, altså. Dette har jo lite å gjere med resten av blogginnlegget, men alt å gjere med læraryrket. Og no må eg forlate det underbare undervisningsuniverset for å henge opp klesvasken.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s